Om foreiningsportalen
Her finn du informasjon om lag, foreiningar og andre som tilbyr ulike aktivitetar i Ullensvang kommune.Vi har eit rikt foreiningsliv med mange spanande aktivitetar, og ynskjer at flest mogeleg skal få tilgong til informasjon om desse. Dette er nyttig både for innbyggjarane, besøkande, tilflyttarar, kommunen, Frivilligsentralene og foreiningane sjølve.
Foreiningane/aktørane får tilgangskode på mail slik at dei kan legga ut eigen informasjon. Difor blir portalen meir og meir innhaldsrik når desse legg inn fakta. Etter kvart får ein også mogelegheit til å legge ut bilde/logo, og menytekstane vil koma på nynorsk.
Manglar din foreining tilgangskode, har du ein foreining/aktivitet som ikkje ligg i portalen, treng hjelp eller har andre innspel: Ta svært gjerne kontakt med oss på Odda Frivilligsentral (kontaktinfo nedanfor) - så hjelper vi kvarandre med å få ein god og informativ foreiningsportal som inviterer til kjekke aktivitetar og ei god fritid for alle i Ullensvang.
Under Hjarte-fana finn du oversikt over aktørane med inndeling etter både kategori og lokasjon i kommunen om du treng det.
Under Stjerne-fana kan du søke etter bestemte aktivitetar og sjå kven som til tilbyr desse.
Del på:
-
Kommunale tilskotsordningar
Ullensvang kommune ynskjer å bruke tilskotsordningane innan kultur, idrett og friluftsliv som verkemiddel for å nå målsetjingar innan deltaking, inkludering, trivsel og folkehelse, samt innovasjon, utvikling og samfunnsbygging.
-
Om foreiningsportalen
Her finn du informasjon om lag, foreiningar og andre som tilbyr ulike aktivitetar i Ullensvang kommune.
-
Tilgjengelegheitserklæring
Alle verksemder i offentleg sektor skal publisere ein tilgjengelegserklæring på nettsidene sine.